Sogn og Fjordane

dec 29 19:13

MTB Naustdal - Russneset via Kuneset

Oppleving: Ein flott tur med asfalt og litt grusvegar. Denne ruta startar i Naustdal og tar ca. 2 t.
Veg beskriving: Startar i Naustdal (Best stasjonen) og syklar RV 611 mot Stavang, og fylgjer denne ut til Helle krysset. Ta ned til venstre og mot Rusneset (Friluftsområde). Når ein kjem til Vatne der asfalten endar, tar ein av opp til venstre mot på grusveg mot Russneset.  No er det grusveg heile vegen ut til Russneset. Ynskjer ein ei ekstra sløyfe er det berre å ta ned grusvegen til høgre på flata etter første stigninga på tilbakevegen. Då kjem ein ned til Kuneset. Her må ein av sykkelen og gå 20m over eit gjerde til ein kjem bort på den andre vegen. No er det berre å fylgje vegen straka vegen tilbake til Naustdal

Sporlogg detaljer:

  • Lengde : 36.97km
  • Oppover : 833.55m
  • Nedover : -720.01m
  • Laveste punkt : -9.01m
  • Høyeste punkt : 177.89m

Flere detaljer
jul 14 23:30

Førde - Langeland - Skilbreivatnet rundt

Oppleving : Fin tur på grusveg, traktorveg og sti. Nokre krevjande parti og ein del grinder på sør sida av Skilbreivatnet.

Rute beskriving: Startar i Førde og syklar gangvegen opp forbi Halbrend skule opp til E 39. Føl E 39 til Reset og tar av her inn pågamleveen til Langeland. Føl denne heilt til Bringelandselva. Rett før ein kjem til elva tar ein til venstre og føl traktorveg rett fram gjennom gardstun til ein kjem fram til riksvegen. Følgjer denne eit lite stykke før ein tar til venstre og føl sti/traktorveg langs kraft linja. Kjem så til E39 og føl denne forbi Kårstad transport. Her tar ein til venstre på første traktorveg og føl denne opp til ein møter grusvegen tilbake til Langeland. Føl denne mot Langeland. Er vanskeleg å finne vegen nokre stader, då den er noko attgrodd enkelte plassar. Kjem så fram til Skisenteret og føl så same vegen tilbake til Førde som ein kom opp på.

Sporlogg detaljer:

  • Lengde : 27.88km
  • Oppover : 768.17m
  • Nedover : -771.85m
  • Laveste punkt : 10.94m
  • Høyeste punkt : 382.91m

Flere detaljer
mai 29 23:50

Horstadstøylane - Naustdal

Oppleving: Fin og litt tøff tur på asfalt og grusveg. Tildels bratte bakkar (23% stigning) enkelte stader. Flott ved Horstad vatnet når ein er komt fram der.

Veg skildring: Start i Naustdal sentrum og ta opp over dalen mot Nyheim. Her tar ein opp bakkane mot Ramsdalsheia. Eit lite stykke opp i bakkane rett etter avkøyringa til Lunden, tar ein av til venstre og opp mot Solheim. Her startar grusvegen som stig bratt oppover til over 550moh. Det er berre å fylgje denne heilt fram til støylane ved Horstadvatnet. Ta same ruta tilbake til Naustdal.

Sporlogg detaljer:

  • Lengde : 33.99km
  • Oppover : 837.12m
  • Nedover : -838.75m
  • Laveste punkt : 12.93m
  • Høyeste punkt : 559.42m

Flere detaljer
apr 27 11:14

Rallarvegen

http://www.rallarvegen.com/index.php?m=aboutrallarvegen&lang=no

Sporlogg detaljer:

  • Lengde : 55.22km
  • Oppover : 450.98m
  • Nedover : -1613.09m
  • Laveste punkt : 24.65m
  • Høyeste punkt : 1345.98m

Flere detaljer
apr 10 20:08

MTB Naustdal - Vatnelid

Oppleving: Ein flott tur med asfalt, grusvegar, traktorveg og terreng. Denne ruta startar i Naustdal og tar ca 2,5-3 t.

Veg beskriving: Startar i Naustdal (Best stasjonen) og syklar RV 611 mot Stavang. Ved Holmeset tar ein av opp mot Øvrebø på grusveg. Rett etter første gard tar ein ned til venstre og føl grusveg/traktorveg ned til Håjen. Her tar ein ned til venstre og kjem då ned på RV611 og føl denne ca 200m. Tar opp til høgre og opp bratt grus/traktorveg til endes. Her må ein gå og sykle gjennom myrlende til ein kjem ned til eit jorde. Syklar over jordet og kjem inn på ein traktorveg som går ned til Buanes. Her kjem ein ned att på RV611 og fylgjer denne ut til Helle krysset. Ta ned til venstre og mot Rusneset (Friluftsområde). Når ein kjem til Vatne tar ein av opp til høgre mot Vatnelid. Her føl ein bratt grusveg heilt opp til gardstunet. Rett etter tunet tar ein traktorveg opp til venstre og syklar denne til ende. Snur og syklar litt tilbake. Her må ein gå ned til ein ny traktorveg litt ned i lia og fylgjer denne tilbake til gardstunet. Rett etter gardstunet kan ein ta ned bøen til lavaste punkt. Her går det sti gjennom granskogen og ned på utmark. Syklar ned utmarka på sti/ traktorveg til ein kjem ned att på vegen. Ta  til venstre og tilbake mot Helle. Rett etter bakken opp fra Vatne tar ein til venstre og ein tur oppom Mortensbakke. Vegen går gjennom tunet og ein kjem ned att til Helle vegen. No er det berre å fylgje vegen straka vegen tilbake til Naustdal.

Sporlogg detaljer:

  • Lengde : 35.95km
  • Oppover : 994.07m
  • Nedover : -988.32m
  • Laveste punkt : 15.42m
  • Høyeste punkt : 357.05m

Flere detaljer
mar 08 00:06

Naustdal - Helle

Oppleving: Ein flott tur med mykje asfalt og grusvegar, men litt traktorveg og terreng. Denne ruta startar i Naustdal og tar ca 2 t.

Veg beskriving: Startar i Naustdal (Best stasjonen) og syklar RV 611 mot Stavang. Ved Holmeset tar ein av opp mot Øvrebø på grusveg. Rett etter første gard tar ein ned til venstre og føl grusveg/traktorveg ned til Håjen. Her tar ein opp til høgre på traktorveg litt opp i lia og så over jordet mot elva. Må gå over elva og kjem inn på ny traktorveg ned til Framarsvik. Kjem då ned på RV611 og føl denne ut til Helle krysset. Her tar ein opp til høre på bratt grusveg (12-19% stigning) opp til Einevollen. Her held ein til høgre heile tida og føl traktorveg ned bakkane mot Andalen. Må gå over elva og 200m opp søkket til ein treff på sti/traktorvegen oppe ved kraft linja. Føl så denne ned i Andalen og ut att på RV 611 tilbake mot Naustdal. Ved Buanes tar ein til venstre opp bakkane på grus/traktorveg til Langedalen. Føl denne vegen til endes og vidare inn til enden på jordet. Her må ein gå 300m opp myr draget til ein treff på starten på traktorveg som går ned att i Framarsvika. Krevjande utforkøyring på sti/traktorveg. Kjem så ned att på RV 611 i Framarsvika og føl denne tilbake til start punktet.

Sporlogg detaljer:

  • Lengde : 25.68km
  • Oppover : 694.03m
  • Nedover : -723.83m
  • Laveste punkt : 15.37m
  • Høyeste punkt : 318.88m

Flere detaljer
Utgi innhold