Førde - Langeland - Skilbreivatnet rundt
Oppleving : Fin tur på grusveg, traktorveg og sti. Nokre krevjande parti og ein del grinder på sør sida av Skilbreivatnet.
Rute beskriving: Startar i Førde og syklar gangvegen opp forbi Halbrend skule opp til E 39. Føl E 39 til Reset og tar av her inn pågamleveen til Langeland. Føl denne heilt til Bringelandselva. Rett før ein kjem til elva tar ein til venstre og føl traktorveg rett fram gjennom gardstun til ein kjem fram til riksvegen. Følgjer denne eit lite stykke før ein tar til venstre og føl sti/traktorveg langs kraft linja. Kjem så til E39 og føl denne forbi Kårstad transport. Her tar ein til venstre på første traktorveg og føl denne opp til ein møter grusvegen tilbake til Langeland. Føl denne mot Langeland. Er vanskeleg å finne vegen nokre stader, då den er noko attgrodd enkelte plassar. Kjem så fram til Skisenteret og føl så same vegen tilbake til Førde som ein kom opp på.
Sporlogg detaljer:
- Lengde : 27.88km
- Oppover : 768.17m
- Nedover : -771.85m
- Laveste punkt : 10.94m
- Høyeste punkt : 382.91m
Kart
| Laster... |